TrackMan-golfsimulator hos Børdi Golf i Førde

Børdi Golf – golf heile året i Førde

Børdi Golf · Førde

Tre TrackMan-simulatorar · Golf og sosialt samvær i Førde
Alba Folkets favoritt – valt av spelarane – 2026
For deg som spelar hos Børdi

Medlemskap
og verdikort

Spel meir og betal mindre med Børdikløbb og verdikort.

Børdikløbb
199 kr / mnd

Éin gratis time kvar månad, 10 % ekstra rabatt på speletid – også når du brukar verdikort – og tilgang til Børdikløbb Championship.

Ingen ordinær bindingstid. For å konkurrere om premiane i Championship må du vere aktivt medlem gjennom turneringsperioden.

Bli medlem ↗
Børdi Golf sin bar og lounge
Kjøp éin gong, spel når det passar deg

Verdikort

Børdi 3K

2 700 kr

3 000 kr i verdi
10 % rabatt

Børdi 5K

4 000 kr

5 000 kr i verdi
20 % rabatt

Børdi 10K

6 500 kr

10 000 kr i verdi
35 % rabatt

Børdi 20K

11 000 kr

20 000 kr i verdi
45 % rabatt

Verdikorta er gyldige i to år. Gjeldande vilkår og kjøp finn du i Alba.

Sjå tilbod i Alba ↗
Bedrift · Vennegjeng · Arrangement

Arrangement hos Børdi

Bedrift, lag eller privat selskap? Vi hjelper dykk med å skape ein sosial kveld med golf, dart og lounge.

Send førespurnad ↗
Vi legg til rette

Vi ordnar opplegget

De vel tidspunkt og tek med gjengen. Vi hjelper dykk med det de treng for å få ein god kveld på Børdi.

Golf og konkurransarTre TrackMan-simulatorar, dart og lounge
Instruksjon og oppleggHjelp for nybegynnarar, tilpassa aktivitetar og turneringar
Bar og serveringVi kan stå for bar når nødvendige løyve er på plass
Send førespurnad ↗
Prisar for bedrifter

Bedriftsprisar – eks. mva.

Prisane gjeld berre bedrifter og er oppgjevne per time per simulator, eks. mva.

Dagtid · kvardagar
Kl. 08.00–16.00
399 kr
per time per simulator · eks. mva.
Ettermiddag · kvardagar
Frå kl. 16.00
499 kr
per time per simulator · eks. mva.
Helg
Laurdag og søndag
599 kr
per time per simulator · eks. mva.

Alle prisar gjeld bedrifter og er eks. mva. Ønskjer de fleire simulatorar eller hjelp med instruksjon, bar eller turnering, kan de spesifisere det i førespurnaden under. Vi tek kontakt for å avklare opplegg og pris.

Bedrift · Lag · Private selskap

Send førespurnad

Fortel oss kva de planlegg. Vi tek kontakt for å avklare opplegg, pris og ledig tid. Førespurnaden er uforpliktande.

Ønskjer de at vi skal stille med noko?

Vel gjerne fleire alternativ.

Vi brukar kontaktopplysningane berre til å svare på førespurnaden. Førespurnaden er ikkje ei stadfesta bestilling.

Historia bak Børdi

Om Børdi

Skapt av lokale golfentusiastar – med kjende støttespelarar på laget.

Loungen hos Børdi Golf, med oransje sofaer og utsikt mot vatnet
Golf heile året

Golf, dart og god stemning

Vi har tre TrackMan-simulatorar der du kan spele på banar frå heile verda, trene og konkurrere med vener. Hos oss finn du også lounge og dart.

Du er velkomen anten du spelar ofte, er heilt fersk eller berre vil prøve noko nytt.

Book tid ↗
Alba · Folkets favoritt 2026

De har stemt Børdi fram som Folkets favoritt!

Børdi Golf vann Alba si kåring «Folkets favoritt 2026». Tusen takk til alle som stemte på oss, og til alle som er med og skapar miljøet på Børdi.

Vi gler oss til å ønskje både nye og kjende golfarar velkomne!

Børdi Golf sin bar med Børdi-logoBørdi sin gang med golfmotiv og veggkunst
Lokalt initiativ

Ein sosial møteplass i Førde

Børdi Golf vart starta av Odd-Anders Vie, Per Anders Berge, Ola Kristian Tenold og Kai Vidar «Kelly» Nygård. Vi ønskte å skape ein plass der golf og det sosiale kan møtast, heile året.

Viktor Hovland

Viktor er med som investor saman med far sin, Harald Hovland, som har røter i Vadheim. Dei har støtta satsinga og bidreg med kontaktar inn mot golfmiljøet.

Kjartan Lauritzen

Kjartan Lauritzen er også medeigar og har vore med på å forme ideen om Børdi som meir enn berre golf – ein stad for gode opplevingar, arrangement og sosialt samvær.

Les meir om historia vår i Norsk Golf.

Første gong eller erfaren spelar?

Slik fungerer golf hos oss

Det skal vere enkelt å spele golf på Børdi, anten du er heilt ny eller har spelt i mange år.

Enklare enn du trur

Book ei ledig tid i Alba, møt opp på Børdi og vel trening, banespel eller spel i TrackMan.

  • Tre TrackMan-simulatorar
  • Høve til å spele og øve uansett nivå
  • Kontakt oss om du ønskjer hjelp før første besøk
Book di første tid ↗
TrackMan-simulator ved gate 2 på Børdi

1. Book ei tid

Vel ei ledig tid i Alba, møt opp hos Børdi og bruk simulatoren til trening, banespel eller konkurranse.

Book tid ↗

2. Vi hjelper deg i gang

Du treng ikkje kunne golf frå før. Vi tilbyr introduksjon og instruksjon, og hjelpe deg med det praktiske på simulatoren. Ta kontakt for å avtale hjelp.

3. Utstyr

Vi har utlånssett for deg som ikkje har eigne golfkøller. Vi sel også utvalde golfkøller, hanskar og golftilbehør, og kan bestille anna utstyr.

Sjå Shop ↗

4. Reglar og omsyn

Bruk reine golfkøller og reine golfballar, og hald god avstand når nokon svingar. Følg informasjonen i lokalet og vis omsyn til andre som spelar.

Lurer du på korleis TrackMan fungerer, kva du bør velje, eller korleis du kjem i gang? Ta kontakt med oss.

Utstyr · Klede · Tilbehør

Shop

Sjå kva vi har i utvalet hos Børdi – eller spør oss om det du ønskjer å bestille.

Dette har vi i lokalet

Eit utval PING-golfkøller, golfhanskar og anna golftilbehør. Utvalet kan variere.

Dette kan vi bestille

Vi har mellom anna avtalar med PING, J.Lindeberg, Macade, Vice og Derbie. Spør oss om klede, køller, ballar og utstyr – så sjekkar vi pris og tilgjenge.

Ser du etter noko spesielt?

Send oss ein førespurnad med merke, produkt og gjerne storleik eller modell, så undersøkjer vi kva vi kan skaffe.

Spør oss om produkt ↗
Spør oss

Ta kontakt

Har du spørsmål om tidsbestilling, medlemskap eller arrangement? Vi hjelper deg.

Send e-post ↗

Finn oss i Førde

Børdi Golf
Gamle flyplassen, Øyrane, Førde

E-post: post@bordi.no

Bestill tid i Alba ↗
Loungen hos Børdi